Velkomen til Fordelingsutvalet!
Fordelingsutvalet er eit forvaltningsorgan under Barne- og likestillingsdepartementet, og har som hovudoppgåve å tildele stønad til Noregs friviljuge, landsomfattande barne- og ungdomsorganisasjonar.
Ordninga inneheld nasjonal og internasjonal grunnstønad.
Sekretariatet til Fordelingsutvalet er knytt til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir).
Her finn du relevant informasjon om stønadsordninga, til dømes føresegna, søknadsskjema, spørsmål og svar, oversikt over tildelingar dei siste åra, lenkjer til forarbeida til forskrifta, kontrollmetoder m.m.
Vi gjer merksam på at føresegna, presedensarkivet og enkelte rapportar kun er tilgjengelege på bokmål.
Om du har spørsmål, ros eller ris, er det fint om du sender oss ein e-post. Gå til kontaktsida.